Satsningsområder
Sidan oppstart har vi hatt ulike satsingsfelt i barnehagen: musikk, friluftsliv, fysisk fostring, sosial kompetanse, leik, matematikk i kvardagen, sosial kompetanse, IKT, mat og hesle. Med dette kan vi fordjupe oss i tema og auke vår kunnskap, og kva vi vel å prioritere i vår kvardag i saman med barna.
I perioden (2021-2024) har vi miljø og mat i barnehagen som satsningsområde.
Miljø og mat
Miljø betyr ytre livsvilkår, i vårt arbeid med miljø vil vi fordjupe oss i ulike aspekt ved miljø og
reflektera saman med barna kva ulike miljø har å seie. Miljø er ei side av berekraftig utvikling, som
vert ein naturleg del av dette satsingsområdet. Vi arbeider for gode verdiar slik at vi får ein praksis
som er meir berekraftig. Miljø kan også handle om menneskelege miljø som er ein viktig del av
barnehagekvardagen. Eksempel på dette er leikemiljø og vennemiljø.
MAT
Vi forsett med satsing på mat, men i denne perioden sett vi meir fokus på kor maten kjem ifrå. Vi vil
dyrke mat sjølv, og bruke nærområdet til å verte meir kjent med maten som veks naturleg og vert
produsert her. I dette satsingsområdet vil vi også gjennom eit berekraftig perspektiv ha fokus på
gjenbruk, matglede og matsvinn.
For meir informasjon sjå den pedagogiske planen under dokumenter.